Noregs eldste personmuseum om språkforskaren som la grunnlaget for eit nytt skriftspråk.
Det over 100 år gamle museet er eit senter for språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Ørsta er heimstaden til vitskapsmann og diktar, Ivar Aasen. Her har du moglegheit til å lære mykje om språk og kor stor påverknad det har på menneske, og det er stadig vekk kulturinnslag som vekkar interesse for alle aldersgrupper!
Ivar Aasen brukte store delar av sitt vaknse liv på å gå rundt på Vestlandet for å leggja grunnlaget til nynorsk. Aasen ville lage eit nytt skriftspråk på ein så demokratisk måte som mogleg og difor baserte landsmål på vestlendingar sine dialektar. Det ville gjera det enklare for folk flest å skriva, i staden for å skriva dansk som var det einaste offesielle skriftspråket på den tida.
For å understreke at landsmål ville fungera som skriftspråk, skreiv han òg mange dikt og har har gjeve ut samlinga "Symra". Ein av dei mest kjende tekstane frå Symra er "Nordmannen", også kjend som "Mellom bakkar og berg"
"Strenge dagar må koma på, men etter koma dei milde" - Ivar Aasen
Ivar Aasen blei fødd i Ørsta, og har på mange måtar blitt kjenneteiknet til heimstaden. (https://adventuretailor.no/orsta/havila-hotel-ivar-aasen) er oppkald etter han og restauranten Symra er oppkald etter diktsamlinga hans.
Oppsummert
| Destinasjon | Ørsta |
|---|---|
| Sesong | Hele året |
| Gruppestørrelse | På forespørsel |
| Pris | På forespørsel |
Start planleggingen
Andre likte også